«Nordhordlandsprosjektet – saman om velferdsteknologi» har vakse. Dei fyrste kommunane som var med i prosjektet høyrde alle heime i Nordhordland. Difor vart prosjektet kalla Nordhordlandsprosjektet. Men no er fleire kommunar komne med, nokre av dei er frå Hordaland, andre er frå Sogn og Fjordane. Og sidan desse to fylka om ikkje lenge skal verte det nye storfylket Vestland, fann vi det rett å døype prosjektet om til «Vestlandsprosjektet – saman om velferdsteknologi».

Men om namnet er endra og deltakarane er blitt fleire, er målsetjinga med prosjektet den same : Å bidra til at kommunane våre tek i bruk velferdsteknologi på ein måte som gjer at vi kan gi innbyggjarane i kommunane våre dei best moglege velferdstenestene.


På heimesida til Vestlandsprosjektet vil du etter kvart finne ein del informasjon om det som skjer og skal skje i prosjektet. Ynskjer du litt informasjon om kva som er gjort i den tida då prosjektet heitte Nordhordlandsprosjektet, vil du finne det ved å peike og klikke her.