Kystkommunen Gulen ligg heilt sørvest midt plassert i Vestland Fylke, og mellom Sognefjorden og Fensfjorden. Landarealet på 596km² inneheld ein variert og spennande natur med 1500 øyar, holmar og skjer, og eit fastland som er prega av små dalføre på kryss og tvers i landskapet. Spennet er langt frå dei yste nakne øyane mot Nordsjøen i vest, til dei frodige landbruksbygdene mellom dei ville fjella i aust, mot Stølsheimen. Dei 2288 fastbuande bur spreidd i landskapet, og fordeler seg ganske jamt i dei fire skulekrinsane Brekke, Dalsøyra, Eivindvik og Byrknes.

Kommunikasjonane nord- og sørover er gode. Frå kommunegrensa i sør er reisetida omlag 1 time med bil til Bergen, medan det tek under 1½t å køyre til Bergen eller Førde frå Oppedal fergekai nordaust i kommunen. Snøggbåtar tek deg trygt og raskt til Bergen, Fjordane og Indre Sogn.

Gulen kommune ynskjer å gje innbyggjarane og brukarane våre i helse- og omsorgstenesta eit framtidsretta og bærekraftig tenestetilbod og arbeider no med å kunne tilby velferdsteknologi som ein naturleg  del av tenestetilbodet. Kommunen har eit desentralisert tenestetilbod med fire bu- og omsorgssenter og ein sjukeheim. Ved eit av bu- og omsorgssentra er det og tenester til yngre personar med nedsett funksjonsevne. Velferdsteknologi skal ikkje erstatta nødvendige tenester, men være eit viktig supplement. Dette omfattar etablerte og velfungerande tenester uavhengig av alder, funksjonsnedsetting eller bumiljø. Innbyggjarane skal oppleve tryggleik og meistring og få oppretthalda eit sjølvstendig og aktivt liv. Vi er no inne i ei fase med utprøving og fast bruk av ulike produkt som lokaliseringsteknologi, ulike typer sensorar og elektronisk medisindispenser. Vi har og bytta ut alle analoge tryggleiksalarmar til digitale. 80 tilsette i pleie- og omsorg har gjennomført Velferdsteknologiens ABC.

Prosjektmedarbeidarane har utarbeida informasjon om velferdsteknologi. Informasjonen er sendt ut i Infoposten til alle husstandar i kommunen. Prosjektmedarbeidarane har og informert på møter i pensjonistlag i kommunen.

Kommunen sine medarbeidarar i prosjektet :
Prosjektnytt frå kommunen :
Fann ingen innlegg.