Masfjorden kommune har om lag 1700 innbyggjarar. Kommunen har eit areal på godt og vel  500 km2,  med spreidd busetnad  langs fjord og  fjell. Kommunen er ansvarleg kommune for Vestlandsprosjektet, og er arbeidsgjevar for dei medarbeidarane som er spesielt tilsette for å arbeide med prosjektet.  

Me ynskjer å gje innbyggjarane og brukarane våre i helse- og omsorgstenesta eit framtidsretta og bærekraftig tenestetilbod og arbeider no med å kunne tilby velferdsteknologi som ei naturleg  del av tenestetilbodet. Dette omfattar etablerte og velfungerande  tenester uavhengig av alder, funksjonsnedsetting eller bumiljø. Innbyggjarane skal oppleve tryggleik og meistring og få oppretthalda eit sjølvstendig og aktivt liv.

Velferdsteknologi skal ikkje erstatta nødvendige tenester, men være eit viktig supplement.

Kommunen arbeider også aktivt  med å endre fokus frå behandling til førebyggande perspektiv med tilbod om «heimetrening  for kvardagshelse» og trening med Motitech syklar både i heimar og på institusjon.

Kommunen har som mål at innbyggjarane skal kunne bu heime lengst mogeleg.  For å nå dette målet ser vi at det også er viktig å kunne tilby dagsenterplassar  til heimebuande for å sikre god trivsel, i tillegg til velferdsteknologi og fysisk aktivitet.

Kommunen sine medarbeidarar i prosjektet :

Desse arbeider i pleie og omsorg med særskilt fokus på bruk av velferdsteknologi:

Prosjektnytt frå kommunen :