Vaksdal kommune har 4100 innbyggarar og er lokalisert mellom Bergen og Voss og har eit stort geografisk areal med 715 km2. Nesten 8% av befolkninga er over 80 år.
Gjennom prosjektet «Lev vel i Vaksdal» har kommunen hatt ønske om å utvikla framtidsretta og gode helse og omsorgstenester for å møte dei utfordringane som kjem framover med større etterspurnad etter tenester og samstundes som tilgjengelege ressursar vert redusert.
Prosjektprogram «Lev vel i Vaksdal» har vart frå 2016 – 2019. I desse åra har det blitt gjennomført omfattande kompetanseheving og innført framtidsretta arbeidsmetodar. Vaksdal kommune har hatt fleire utprøvingar knytt til ulike teknologiar i prosjektperioden. I 2017 blei kommunen med i det Nasjonale velferdsteknologiprogrammet via Nordhordlandsprosjektet, seinare Vestlandsprosjektet.