Samnanger kommune er ei lita bygd med ca 2450 innbyggjarar. Samnanger ligg landlig og idyllisk til, men likevel sentralt, i forhold til at me ligg berre 45 min frå Bergen. Andre kommunar Samnanger grensar til er Kvam, Fusa, Os og Vaksdal.

Samnangerheimen er sjukeheimen vår, og den stod ferdig våren 2016. Sjukeheimen er moderne og brukarvennlig, og har enkeltrom til alle bebuarane. Storstova på Samnangerheimen er flittig i bruk, både på dagtid til dagsenter, musikkstund og trim, og på kveldstid til ulike arrangement, både for bebuarane på sjukeheimen og heimebuande.

Sjukeheimen ligg på Haga, der og helsetunet med legeteneste, fysioterapi, helsestasjon og psykiatritenesta har tilhald. Her har kommunen og 9 omsorgsboligar.

Heimetenesta har kontor på Samnangerheimen, og frå januar 2020, skal Samnanger igjen starte opp med integrerte tenester, der dei tilsette skal jobbe både ute i heimetenesta og inne på sjukeheimen.

Skottebakken er eit bufellesskap i Samnanger, og får nytt bygg klart til innflytting i mars 2020, i nærheten av Bjørkheim. Her blir det 11 leiligheter i tillegg til fellesareal. Fram til innflytting, har dei midlertidig drift på ein avdeling i underetasjen på Samnangerheimen.

Kommunen sine medarbeidarar i prosjektet :
Prosjektnytt frå kommunen :