Regional samling i nasjonalt velferdsteknologiprogram 17. september 2019
Stor oppslutnad frå kommunane og leverandørane

I fylka Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland er det fire velferdsteknologiprosjekt som deltek i Nasjonalt velferdsteknologiprogram. 17. september var desse prosjekta samla i Bergen for regional samling. I tillegg til prosjektkommunane, var det deltakarar frå andre kommunar, som har innført eller planlegg å innføre velferdsteknologi. Det var òg 15 leverandørarar som stilte med utstilling. Til saman var det påmeldt over 200 deltakarar.

Fylkesmannen

Samlinga starta med innlegg av assisterande fylkeslege i Hordaland, Linda Svori. Svori trakk fram at Fylkesmannen er svært fornøgde med programmet for dagen, og trakk spesielt fram viktigheita av lovverk og etisk refleksjon ved innføring av velferdsteknologi.

Robert Juvik frå Bergen fortalte om kva det har betydd for hans livskvalitet å ha tatt i bruk velferdsteknologi. Juvik trakk spesielt fram medisindispensaren som har gjort at han kjenner seg friare. Juvik er operasangar av yrke, og han leia salen gjennom allsong til «What a beautiful morning». Dette sette stemninga for dagen.

Nasjonalt velferdsteknologiprogram

Kristin Standal, som er prosjektleiar i Nasjonalt velferdsteknologiprogram, hadde gjennomgang av status i Nasjonalt velferdsteknologiprogram. Standal sa at det skjer mykje på velferdsteknologifronten, og at vestlandet ligg i front på området.

Endringsleiing

Etty Nilsen, professor ved Universitetet i Sørøst-Norge, forskar på endringsleiing. Nilsen sa at endringsleiing kan samanliknast med ekstremsport – det må planleggast nøye og kan ikkje overlatast til tilfeldigheitene. Ved endring oppstår det gjerne motstand, og den er delt i fire kategoriar: organisatorisk, kulturell, teknologisk og etisk motstand.

Jus/lovverk

Ann-Kristin Wassvik, jurist i helsedirektoratet, framheva viktigheita av at kommunane har bygd kompetanse på området lovverk. På noverande tidspunkt er det mange prosjekt, og kommunane kan hente ressursar frå desse. Når prosjektperioden er over i 2020, og velferdsteknologi skal vere ein del av ordinær drift frå 2021, så må kommunane vere rusta til å stå på eigne bein.

Vegen vidare

PA Consulting ved Grete Kverneland snakka om at kommunane allereie no må planlegge for 2021, når velferdsteknologi skal vere ein del av ordinær drift. Viktige områder å ta tak i er m.a.:

  • kven skal vere tenesteeigar i kommunen
  • kva skal gevinstane brukast til
  • korleis skal vidare forankringsarbeid

Programmet for dagen finn du her

Lenker til presentasjonane den 17. september 

Bilde frå utstillingane
Evaluering av dagen