I 2017 knytte Radøy Kommune seg til same avtala som Lindås har opp mot leveransar av velferdsteknologisk utstyr. Kommunen er no godt i gang med å implementerer ulike teknologiar.

Ressursgruppa for velferdsteknologi i Radøy kommune har no kommen godt i gang med implementering av velferdsteknologi rundt i heimane i kommunen vår. Pr i dag har heimetenesta og OMSUT fått bytta ut alle tryggleiksalarmane hjå brukarar av tenesta med ny velferdsteknologi. Me har pr i dag ute nærare 80 alarmar, og har så vidt starta opp arbeidet med å knytte til ulik sensorteknologi.
Kommunen har tatt i bruk elektroniske medisindosettar, av typen PILLY. Her har fleire brukarar muligheit til å vere meir sjølvstendig innan administrering av eigen medisin, samt at ein ikkje lenger er like avhengig av å vente på at heimetenesta har vore innom. PILLY er òg eit hjelpemiddel for å sikre rett medisin til rett tid.
Radøy kommune har òg satt i gang med lokaliseringsteknologi for brukarar med demens og/eller orienteringsvanskar.
Ressursgruppa har utarbeidd ei brosjyre om Velferdsteknologi for Radøy kommune. Denne brosjyra er levert ut i fleire eksemplar til heimetenesta, velferdssenteret, legekontoret og sørvistorget for å nå ut til potensielle brukarar i kommunen.