Runde 3 med Velferdsteknologiens ABC i Nordhordlands- og Vestlandsprosjektet frå hausten 2019

Hausten 2019 vart det oppstart av Velferdsteknologiens ABC i regi av Vestlandsprosjektet. I perioden 2017-18, medan prosjektet var Nordhordlandsprosjektet, vart det gjennomført to rundar med Velferdsteknologiens ABC. Desse vart fasilitert av Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Hordaland i samarbeid med Nordhordlandsprosjektet. Frå og med runde 3 er det Vestlandsprosjektet som sjølv fasiliterar og organiserer denne ABC-en.

Tilbod til kommunane i Vestlandsprosjektet

Dette er eit tilbod til kommunane i Vestlandsprosjektet. I 2019 vart prosjektet utvida med sju nye kommunar, og her var det meldt inn behov for kompetanseheving i velferdsteknologi. I tillegg vart velferdsteknologiens ABC etterspurt av kommunane i tidlegare Nordhordlandsprosjektet. Desse kommunane hadde fleire tilsette som ikkje hadde fått tatt ABC-opplæringa i dei forrige rundane.  Etterspurnaden vart så stor at det vart ein oppstart hausten 2019, og ein ny oppstart er planlagt til nyåret 2020.

Informasjon om velferdsteknologiens ABC

Opplæringspakken til Velferdsteknologiens ABC

Tidspunkt
  • Oppstartseminar 4. september kl 11.30-15.00. Stad: Kantina Nordhorlandshallen, Knarvik
  • Avslutningsseminar 16. januar kl 11.30-15.00. Stad: Kantina Nordhordlandshallen, Knarvik
Gjennomføring

Kommunane set saman deltakarane i grupper på 6-8 personar.  Kvar gruppe må ha ein gruppeleiar. Gruppene jobbar med dei 5 ABC-heftene. Dette foregår gjennom individuelt arbeid, og lesing av heftene før samlingane. Når gruppene møtast jobbast det med oppgåvene i heftene.

    • 04.09.19: oppstartseminaret dekker gruppesamling for hefte A
    • Etter ca 4 veker: gruppene møtast lokalt i eigen kommune og jobbar med hefte B
    • Etter ca 4 nye veker: gruppene møtast lokalt i eigen kommune og jobbar med hefte C
    • Etter ca nye veker: gruppene møtast lokalt i eigen kommune og jobbar med hefte D
    • 16. januar 2020: avslutningsseminaret dekkar gruppesamling hefte E
Kostnad

Inga kursavgift for kommunane.

Matservering

Deltakarane tar med eigen matpakke. Det vert servering av frukt og kaffe/te/vatn.

Kursbevis

Alle som har oppmøte på minst 4 av dei 5 samlingane (80 %) får kursbevis.

Kommunane sitt ansvar
  • Peike ut ein ABC-kontakt som er kommunen sin kontaktperson.
    • Kommunal kontaktperson sine oppgåver:
      • Kontaktperson for Vestlandsprosjektet sin administrasjon
      • Gje informasjon og koordinering i eigen kommune
      • Gjere avtalar for premisser for deltaking og leiarforankring i eigen kommune
      • Organiserer påmelding for eigen kommune sine deltakarar og setje saman grupper på 6-8 personar pr. gruppe i eigen kommune
      • Organisere slik at det vert ein gruppeleiar i kvar gruppe og kontakt med gruppeleiarane i eigen kommune
      • Halde oversikt over oppmøte i dei lokale gruppene ved å sikre signeringsliste (sjå vedlagt mal)
      • Instruere gruppeleiar i å sørge for deltakarliste vert signert på lokale samlingar
      • Melde frå tal deltakarar til Vestlandsprosjektet etter avslutta kursrunde (for rapportering til Velferdsteknologiprogrammet)
      • Deler ut kursbevis i eigen kommune til deltakarar som har oppfyllt kriteriet om oppmøte på minst 4 av 5 samlingar
Tidlegare deltakarar med manglande oppmøte
  • Deltakarar som har delteke i Velferdsteknologiens ABC i 2017-18 og har manglande oppmøte, kan delta enten i kommunal gruppe eller oppstart-/avslutningsseminar for å få nok oppmøte til godkjent for kursbevis.
  • Påmelding til deltaking i lokal gruppe: avtalast med kommunal kontaktperson i eigen kommune
  • Påmelding til deltaking på felles oppstart- eller avslutningsseminar: ta kontakt på post@vestlandsprosjektet.no

Program velferdsteknologiens ABC_oppstartsamling runde 3_04.09.19

Program velferdsteknologiens ABC_avsluttande samling runde 3_16.01.20

Velferdsteknologiens ABC runde 3_oppstartsamling 04.09.19_presentasjon

Til bruk for gruppeleiar ved lokale samlingar:
Signeringsliste-Velferdsteknologiens-ABC_lokale samlingar