Brukarreise og gevinstrealisering

Prosessveiledningen til kommunar som tar i bruk velferdsteknologi er basert på Veikart for tjenesteinnovasjon Les òg Kvikkguide velferdsteknologi

På agendaen denne dagen
  • statusdeling frå kommunane
  • repetisjon frå sist- innsiktsarbeid
  • dagens brukar-/tenestereise
  • framtidas brukar-/tenestereise
  • gevinstkartlegging
  • vegen vidare

Sidan forrige samling var 4 månadar tilbake i tid, vart det ein kort repetisjon i temaet innsiktsarbeid.

Dagens hovedtema var brukar-/tenestereise.  Kommunane utarbeida først brukarcase. Deretter vart det jobba med brukarreise, slik den foregår i eigen kommune i dag. Dagens brukar-/tenestereise vart brukt som utgangspunkt for å jobbe med framtidas brukar-/tenestereise. Kommunane var ganske samstemte på at framtidas brukarreise treng fokus på organisering og kommunikasjonslinjer.

Endringsreise for å få gevinstrealisering

Gevinstkartlegging er ein viktig del av prosessen med innføring av velferdsteknlogi. «For å realisere gevinster må mennesker ledes gjennom en endringsreise» (PA Consulting).

Neste samling planleggast til januar 2020. Då skal det jobbast med gevinstrealisering.

Post-it brukast i arbeidet med brukarreisene
Gruppearbeid