Sidan 2013 har Voss kommune aktivt jobba med å implementere ulik teknologi i helse og omsorgstenestene. Hausten 2013 vart Lifecare mobil pleie tatt i bruk, og manuelle arbeidslister vart erstatta med mobile arbeidslister i heimetenesta. Våren 2016 vart E-lås montert hos enkelte brukarar, og i dag er det om lag 120 låsar i bruk i alle områda. Det er prøvd ut ti Pilly elektroniske medisindispenserar, og Voss kommune har vore med på eit innkjøpssamarbeid med Larvik der det ligg føre ein avtale for å kjøpe inn fire ulike elektroniske medisindispenserar. Ein har og prøvd ut ti GPS-klokkar der pårørande har følgd opp sine eigne i kvardagen, med heimetenesta som backup.
Voss kommune var ein av dei første som innførte nye sjukesignalanlegg på institusjonane, og i dag har ein innført det i 3 institusjonar. Ein har og tatt i bruk fleire Roommate-løysingar både i institusjon og ute i heimetenesta, og so langt er erfaringane positive. Om lag 60 tilsette i Voss kommune har gjennomført opplæring i Velferdsteknologiens ABC.

Våren 2019 begynner arbeidet med å byte ut alle dei analoge tryggleiksalarmane med digitale tryggleisalarmer. Dei nye alarmane har ulike sensorar som kan koplast på ved behov.

I samband med kommunesamanslåinga vil ein drive med tenesteutvikling, og det er eit mål at velferdsteknologi vert ein naturleg del av tenestene som innbyggarane i Voss herad får tilbod om. For å nå prosjektmåla er det viktig å starte eit målretta samarbeid og sette i verk tiltak.