Den 22.oktober arrangerte Vestlandsprosjektet for andre gong ein workshop med ROS – og beredskap for kommunane som er med i prosjektet. Her fekk me innføring i dei overordna planane for samfunnstryggleik og beredskap, ei innføring i informasjonsflyten og tekniske løysingar, krav om personvern (DPIA) og databehandlaravtaler, og konkrete ROS-analyser og beredskapsplaner for velferdsteknologi i drift.  Også denne gongen var oppmøtet godt og ein fekk nyttige samtalar rundt emna som vart presenterte. Presentasjonane kan du sjå ved å følge lenkene under.

 

Informasjon Kari Bjørkheim

ROS Velferdsteknologi Ståle Hauge.

Førebyggande brannvern arbeid Ole Johan Ingebrigtsen

GDPR Vestlandsprosjektet Lars Erling Aarland

Informasjonsflyt Nils Ingvald Halle

Lindås ROS 22.10.2019 Hildegunn Baravelli og Oddrun Storheim Hoel