Tove Gylløw, prosjektleiar velferdsteknologi i Os 
«En for alle, og alle for en» 

Det er kunnskapsmangel på det nye fagområdet, velferdsteknologi, med få som sit med kunnskap og erfaring. Ved å vere med i Vestlandsprosjektet har ein tilgang til denne kunnskapen og erfaringa. Dette fortel prosjektleiar i Os kommune, snart Bjørnafjorden, Tove Gylløw. 

Det er ei bratt læringskurve for dei som jobbar med implementering av velferdsteknologi i kommunane. Ein sit med mykje ansvar, og sjølv med vidareutdanning på området er det krevandeDet å vere med i Vestlandsprosjektet skaper tryggleik og noko å lene seg mot. Ein slepp famle i blinde. Det er ein plass å gå når det er spørsmål og ein møter utfordringar. Og det er nokon som kan hjelpe i prosessen. Prosjektleiaren opplever det som motiverande å bli møtt av nokon som har praktisk erfaring, og som dermed forstår utfordringa. Implementeringa har vore krevande og det har oppstått utfordringar. Men Os har implementert som planlagt på bakgrunn av hjelp og støtte frå Vestlandsprosjektet. 

At Vestlandsprosjektet har oppretta ei prosjektgruppe har stor betydning. Ressurspersonane i Os har fått kompetanseheving og eit nettverk gjennom deltaking i Vestlandsprosjektet si ressursgruppe. Dette har gitt ressurspersonane eigarskap og ei rolle i organisasjonen, seier Gylløw. 

Vidareutdanning i teknologi i helse og omsorg (Høgskulen på Vestlandet) framheva at vi må jobbe på nye måtar i morgondagens omsorg, på tvers av sektorar og fagområderProsjektleiaren opplever at Vestlandsprosjektet har dette som ein del av metodikken. Dette er no «i blodet» i drifta av velferdsteknologi i Os, og det har m.a. blitt sett i sving samarbeid med Os vidaregåande og Vestland fylkeskommune om visningsleiligheit for velferdsteknologi i Os. 

Delingskulturen i Vestlandsprosjektet har òg vore til både nytte og til inspirasjon for Os kommune. Kulturen er at dersom nokon i ein kommune kan noko, så vert dette delt og ein er interessert i å hjelpe dei andre kommunane. Slik står ein sterkare saman. Det blir som mottoet til De tre musketerer «En for alle og alle for en», slik oppsummerer prosjektleiaren i Os fordelen med å vere fleirkommunalt prosjekt omkring velferdsteknologi.  

25.11.19