«Vestlandsprosjektet- saman om velferdsteknologi» ved kommunane Masfjorden, Austrheim, Vaksdal, Gulen, Fedje og Modalen er deltakarar i eit EU- prosjekt saman med Bulgarske Røde Kors og KS
Besøk hos ein brukar som får tenester av Bulgarsk Røde Kors

Prosjektet er eit samarbeid mellom KS og prosjekteigar det Bulgarske Røde Kors. Det bulgarske arbeids- og sosialdepartmentet og helsedepartementet er partnerar i prosjektet for å sikre forankring på nasjonalt nivå. Prosjektet er retta mot sårbare grupper i fattige lokalsamfunn i distrikta. Ca 50 sjukepleiarar, heimehjelperar og tilsette på responssenteret skal rekrutterast og lærast opp lokalt.

KS vil bidra med eksempel og erfaringar frå norsk arbeid med innføring av helse- og velferdsteknologi.  Kommunene i Vestlandprosjektet, Masfjorden, Austrheim, Vaksdal, Gulen, Fedje og Modalen, vil bidra med faglege råd i prosjektet.

Målet med prosjektet er å etablera og utvikla ein  innovativ modell for helse- og velferdstenester basert på  bruk av ny teknologi  til kronisk sjuke i regionane Vratsa, Vidin og Montana. Dette for å auke tilgangen på profesjonell medisinsk og sosial oppfølging av sårbare grupper, som bur åleine i avsidesliggande områder.

Bulgaria etablerte bulgarske Røde Kors (BRC) heimehjelpstenester for eldre i Vratsaregionen, 2012-2017. Det nye prosjektet  som er starta  no vil bygge på dei eksisterende tenestene i Vratsa, og utvide tenestilbodet til Vidin og Montana. Bruk av ny teknologi skal introduserast, og tenestene for dei tre regionene skal samlast i eit senter for heimetenester, som òg skal tilby medisinsk avstandsoppfølging.

Bulgaria har store utfordringer med avfolking av distrikta og  ein aldrande befolkning. Dei regionane vi besøkte er blant dei fattigaste områda i Europa, og det er ikkje bygd opp ei nasjonal teneste  slik den norske velferdsstaten ivaretar desse oppgåvene hos oss. Aktivitetane i prosjektet bygger derfor  opp under prioriteringar både i «the National Strategy on Long-Term Care in Bulgaria», «the National Health Strategy» og «the National Health Map», med sikte på å finna gode løysningar for å møte desse utfordringane.

Tre medarbeiarar frå prosjektadministrasjonen i Vestlandsprosjektet reiste til Bulgaria frå 4.nov til 8. nov.  2019, ilag med tre representantar frå Høgskulen på Vestlandet og ein representant frå KS- sentralt.

Der deltok vi på ein Nasjonal konferanse, «Innovative Solutions in Caring for Older People.» På konferansen holdt vi innlegg om korleis helse- og omsorgstenestene er bygd opp i Norge, og korleis  KS  og det Nasjonale Velferdsteknologiprogrammet har organisert spreiing og implementering av velferdsteknologi for å møte dei demografiske utfordringane  i framtida.

Vi fortalde òg om korleis vi har bygd kompetanse på dette området. Kva erfaringar vi har gjort oss med bruk av velferdsteknologi lokalt i våre kommunar, og erfaringar frå andre kommunar som er med i det Nasjonale velferdsteknologiprogrammet i Norge.

Det bulgarske Røde Kors hadde laga eit veldig spanande opplegg for oss. Vi fekk vera med  to dagar  på feltbesøk, og såg korleis det bulgarske Røde Kors har bygd opp sin modell og Home Care Center, og høyre om korleis dei ville bruke erfaringane sine her i dei to andre regionane. Det var òg organisert besøk til fleire brukarar, slik at vi fekk innsikt i behovet til brukarane og kva ressursar bulgarske Røde Kors har til å møte desse utfordringane.

Vår oppgåve inn i dette arbeidet var først og fremst å delta og bidra på opningskonferansen kombinert med å delta i eit besøk til Vratsa regionen, og ¨besøke dei andre regionane som det skal etablerast tenester i. Det neste vi skal bidra med er opplæring. Vi skal ta imot ei gruppe på 8-10 personar og ha eit opplæringsprogram der vi deler erfaringar og innovative modellar som dei kan bruke i oppbygginga av Home Care Center  i Bulgaria.

Dette er eit utruleg spanande prosjekt å delta i. Vi har fått innsikt i kor store utfordringar andre nasjonar og fattige område slit med. Det er òg svært lærerikt for oss, og gjev vårt prosjekt ein ny dimensjon.

Det å være part og delta i oppbygging av helse- og omsorgstenester, ha ein sosial profil og dele kunnskap og erfaringar frå vår ståstad er eit privilegum!

Vi gler oss no til vi får  besøk frå  Bulgaria i mars 2020, og vil lære meir – og dele meir – av den kunnskapen og kompetansen vi har.

Intervjua av den Nasjonale radioen i Bulgaria
Besøk til et Home Care Center
Deltaking på den nasjonale opningskonferansen « Innovative Soulutins in Careing for Older People.»

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

27.11.2019
Kari Eidnes Bjørkheim, Prosjektleiar
Vestlandsprosjektet- saman om velferdsteknologi.