Solrun Hauglum, kommunalsjef helse og omsorg i Vaksdal
«Vestlandsprosjektet si organisering kan bli modell for framtidige kommunale satsningar» 

Kommunane har mange krav som skal oppfylgjast og det å rekke over alt og ha kompetanse på alle områder er ei utfordring. Det å ha samarbeid på tvers av kommunar for å få gjennomført ei så stor satsing som velferdsteknologi er, er heilt nødvendig. Dette fortel kommunalsjef i helse og omsorg i Vaksdal kommune. 

Vaksdal er ein mindre kommune, og har stor nytte av drahjelp i prosessen med innføring av velferdsteknologi. Kommunane har mange store og viktige oppgåver å ta hand omOg det å kunne delta i felles anbod, grupper og kompetanseheving sparar kommunen for ressursbruk. Felles anbod gjev òg betre prisar ved anskaffelse av velferdsteknologi enn kommunen ellers ville fått. Hauglum nevner òg arbeidet med GDPR og DPIA som vert jobba med i eigen grupper i Vestlandsprosjektet, og som kjem alle kommunane til gode. Dette er arbeid som kommunen dermed slepp å sitte åleine med.  

Vestlandsprosjektet har hatt eit variert tilbod om felles samlingar og læringsarenaerKommunalsjefen nemner kompetansehevinga Velferdsteknologiens ABC, som famnar bredt til både høgskuleutdanna og ufaglærte, og som har vore viktig for forankringa av velferdsteknologi som nye teneste i kommunen. Gjennom Vestlandsprosjektet har både politikarar, brukarorganisasjonar og den øvrige administrasjonen i kommunen blitt deltakande i prosjektet. Hauglum meiner det er ei smart organisering med to 50 % prosjektmedarbeidar-stillingar i tillegg til prosjektleiar-stillinga i Vestlandsprosjektet. Dette gjev fleire hovud og breiare kompetanse i prosjektadministrasjonen 

Hauglum fortel at for ressursgruppa så har det å vere ein del av eit nettverk hatt stor verdi. Det å lære av andre kommunar, dele erfaringar og inspirere kvarandre har hatt stor betydning. Det er blitt knytt kontaktar på tvers av kommunar som vil vere viktige òg etter prosjektslutt.  

Kommunalsjefen oppsummerer med at Vaksdal er glade for å ha fått vere med frå starten av velferdsteknologi-prosjektet, og at modellen til Vestlandsprosjektet med fordel kan bli ein modell for framtidig kommunale satsingar.  

 27.11.19