Tenketank for velferdsteknologi til personar med utviklingshemming

Vestlandsprosjektkommunane melde inn 11 kandidatar til Tenketanken. Kandidatane er meldt inn frå 7 av Vestlandsprosjekt-kommunane; Alver, Austevoll, Austrheim, Gulen, Osterøy, Vaksdal og Voss. Alle kommunane som har meldt inn kandidatar, er representert i gruppa. 

Gruppa hadde sitt første møte 25. november, og er samansett av kommunar med geografisk spreiing både både i nord, sør og aust. Både små, middels og store kommunar er representert. Leiarar og tilsette som jobbar i direkte brukarkontakt er representert.  Kompetansemessig så er det flest vernepleiarar, men òg ergoterapeut, helsefagarbeidar og sjukepleiar. Krava frå styringsgruppa om samansetjing er dermed oppfylt. 

Møteplan:
  • 25.11.19
  • 27.01.20
  • 23.03.20
  • 25.05.20

Les meir i lenka:  Mandat tenketank velferdsteknologi i tenester til personar med utviklingshemming