Kvam kommune er ein langstrakt kommune ved Hardangerfjorden med  ca 8700 innbyggjarar. Norheimsund er kommunesenter og det er ca 70 minutts reisetid både til Bergen og Voss. Andre kommunar Kvam grensar til er: Kvinnherad, Samnanger, Bjørnefjorden og Voss.

Kommunen har 3 sjukeheimar. Strandebarmheimen, Toloheimen og Øysteseheimen.   Sjukeheimane i Øystese og Norheimsund  er moderne og brukarvenlege, og har enkeltrom til alle bebuarane. I Strandebarm planlegg ein nybygg.

Kommunen har omsorgsbustadar og trygdebustader i alle bygder (Ålvik, Øystese Norheimsund og Strandebarm) samt ulike bufellesskap både for eldre og for menneske med funksjonshemming.

Kvam hjelpemiddellager , Kommunal fysio og ergoterpitjeneste, Kvam korttidsavdeling og Kvam legevakt er samlokalisert på Toloheimen i Norheimsund.                                                                        Frå 01.04.20 skal og Kvam heimetjeneste/ambulantetjenester ha basen sin på Toloheimen, med utekontor i Ålvik og i Strandebarm.

Avdeling for Rus og psykiatri  og avdeling for Stab og forvaltning har kontor på Rådhuset.

Kommunen sine medarbeidarar i prosjektet :
Prosjektnytt frå kommunen :
Fann ingen innlegg.