Anne Lise Bruvik Teigland, Ressursperson velferdsteknologi i Osterøy

 

«Det å vere i eit samarbeidsprosjekt gjer at vi slepp finne opp kruttet på nytt», seier ressurspersonen i Osterøy.»

Det heile starta med at eg vart tilfeldig plukka ut til å delta på den årlege velferdsteknologikonferansen i Bergen arrangert ved Høgskulen på vestlandet. Her deltok eg to år på rad før Vestlandsprosjektet vart etablert. Då kommunen skulle plukke ut to ressurspersonar for deltaking i Vestlandsprosjektet (dåverande Nordhordlandsprosjektet), vart det gjerne naturleg at eg vart ein av desse to resurspersonane frå Osterøy, seier Teigland.

Teigland er utdanna sjukepleiar og jobbar som fagkoordinator i heimetenesta, og jobbar dermed tett på brukarane. Hennar rolle i Osterøy kommune er at ho er med i kommunen si prosjektgruppe og har fått ei rolle innan implementeringa av velferdsteknologi ved å drive opplæring til kollegaene og å vere administrator i systema. Sidan ho jobbar tett på brukarane vil ho òg få erfaring med velferdsteknologi i bruk.

Om det å delta i eit fleirkommunalt prosjekt seier Teigland at sjølvsagt kan ikkje kommunane få hjelp til alle detaljar, sidan kommunane er ulike og kanskje har ingen erfaring på det området som ein kommune opplever utfordringar. Det som har vore betryggande er å vite at det vert jobba med på systemnivå i Vestlandsprosjektet når det oppstår felles utfordringar.

Ressurspersonane har 4-5 møter kvart halvår. Møtene har ulike tema. Teigland fortel at det kan vere utfordrande å forstå bruk og informere kollegarer og andre om velferdsteknologien i forkant av at den er komen i hus. Det å kunne besøke omsorgslaboratoriet ved HVL var svært nyttig. Der får ein sjå velferdsteknologi i bruk i miljøet, ta og sjå på den.

Det å jevnleg møte andre ressurspersonar frå dei andre Vestlandsprosjekt-kommunane opplever Teigland som svært nyttig. Ho trekker fram det å dele erfaringar, få tips og råd og å møtast ansikt til ansikt og prate saman, og ikkje berre ha eit namn på papiret, gjer at det vert lågare terskel for å ta kontakt. Det er òg alle desse detaljane som kjem fram i samtalane, som kan vere så viktige, men som ikkje alltid kjem fram i dokument, prosedyrer og anna som vert delt.

Teigland oppsummerer med at etter kvart som kommunen begynner å rulle ut velferdsteknologien, vil ressursgruppa og ressursgruppemøtene ha ei endå større og viktigare rolle.

04.12.19