16. desember var 15 medarbeidarar frå dei tre nyast kommunane Eidfjord, Kvam og Kvinnherad, samla til oppstartmøte i Norheimsund

Denne dagen fekk kommunane informasjon om Nasjonalt velferdsteknologiprogram, som dei no er ein del av, gjennom deltaking i Vestlandsprosjektet. Dei tre kommunane presenterte planar, aktivitet og status på velferdsteknologiområdet. Alle dei tre kommunane har anskaffa velferdsteknologi, slik at dei føyer seg flott inn i rekkene med dei andre kommunane i Vestlandsprosjektet. Siste del av dagen vart brukt til å sette kommunane inn i Veikart for velferdsteknologi og Kvikkguide velferdsteknologi, som er tema på prosessveiledning som kommunane no kjem inn i eit løp med.