Modell i Alver: Per i dag er det ressurspersonar i heimetenesta som gjer kartlegging av brukarar, klargjering og tilpassing av utstyr, plasserer ut utstyr, gjer feiloppretting og justeringar. Forvaltninga  tildeler og gjer vedtak på tenesta.

Mottak av alarmar: Kommunen er inne i eit prosjekt, «Lindås2», som skal sjå på effekten av eit lokalt responssenter. Det lokale responssenteret tek i mot alarmar på dagtid, mens HT Safe, svarar på alarmane utanom kontortid, og er back up. Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Vakt og Alarm, og Alver (tidlegare Lindås) kommune. Prosjektet har fått økonomisk stønad frå RFF, Husbanken og Fylkesmannen. Prosjektet held fram ut 2020.