Torsdag 16. januar vart tredje runde av velferdsteknologiens ABC gjennomført i Vestlandsprosjektkommunane. Det var nærmare 80 påmelde. Denne runden har blitt organisert og gjennomført av Vestlandsprosjektet. Tidlegare har USHT Hordaland stått for programmet.

Kommunane som deltok var Austevoll, Austrheim, Meland, Modalen, Osterøy og Samnanger.

Tema på femte samling var «Overgang til drift». Vi hadde besøk av Hilde S. Aadland, Systemkonsulent helse og omsorg, Stord kommune. Stord var med i Nasjonalt velferdsteknologiprogram i perioden 2014-16, og har velferdsteknologi i ordinær drift. Les meir: Velferdsteknologi i Stord kommune

Seinare denne månanden startar runde fire med Velferdsteknologiens ABC for vestlandsprosjektet. Her er det nærmare 100 påmelde.

Presentasjon:
Velferdsteknologi_ABC_samling 5_runde 3_16.01.20_PP_ 

Velferdsteknologi_ABC_16.01.20_Vestlandsprosjektet_Hilde_Stord