DPIA-GRUPPA I ARBEID MED UTARBEIDING AV MALAR
F.v. Lars Erling Årland, Bård Harry B. Eikefet, Gro H. Dyrdal Løvik, Inger Johanne A. Fosse og Oddrun Storheim Hoel

 

I Vestlandsprosjektet sitt prosjektgruppemøte 04.09.19 vart det vedtatt at det skal opprettast ei gruppe som skal jobbe med utarbeiding av DPIA for velferdsteknologi som kommunane i Vestlandsprosjektet skal ta i bruk. Gruppa skal ha månadlege møter med det formålet å utarbeide mal for DPIA for velferdsteknologiske løysingar. Videomøter er vanleg å bruke pga. lange reiseavstandar.

 

Bakgrunn

Alle velferdsteknologiar som takast i bruk skal det gjerast DPIA-vurdering av. Fleire av teknologiane er i bruk i mange av Vestlandsprosjektkommunane. Det vil difor vere meir effektivt at DPIA vert utarbeida felles, og at kommunane tilpassar til lokale forhold. Erfaring frå andre kommunar viser at det går raskare å utarbeide DPIA når ein har gjort det tidlegare, og difor kan det vere hensiktsmessig å legge det til DPIA-gruppa. Nokon kommunar har særskilde velferdsteknologi utanom. Kommunane er av varierande storleik, og små kommunar kan ha utfordringar med kapasiteten til å utarbeide DPIA. Kommunane som har særskilde velferdsteknologiar kan få bistand av DPIA-gruppa til å utarbeide DPIA på desse teknologiane i løpet av 2020.

Medlemmer i gruppa:
  • Lars Erling Årland – IKTNH/Personvernombod i Fedje, Austrheim, Modalen, Alver, Kvinnherad, Masfjorden, Vaksdal, Osterøy, Samnanger, Austevoll
  • Bård Harry B. Eikefet – Uavhengig ekspert IKT/Personvernombod Gulen
  • Tore Tellevik – Uavhengig ekspert IKT/Personvernombod i Ulvik, Kvam, Eidfjord
  • Nils Ingvald Halle  – Fagleiar drift/tryggleik, IKTNH
  • Arild Hofland – Informasjonstryggleik/uavhengig ekspert IKT, Austevoll kommune
  • Laila Nystad – Voss herad
  • Tove Gylløw – Bjørnafjorden kommune
  • Oddrun Storheim Hoel – Uavhengig ekspert, Alver kommune (tidlegare Vestlandsprosjektet)
  • Inger Johanne Aga Fosse – brukarrepresentant, Ytre Nordhordland demensforening
  • F.o.m. januar 2020: Gro H. Dyrdal Løvik – Vestlandsprosjektet