Tilsette ved teknisk drift i kommunen, er dei som koblar opp elåsene og skifter batteri o.l.

Samnanger kommune har innført elektroniske dørlåser til brukarar i heimetenesta. Prosjektet starta i februar, men vart ikkje avslutta før i juni, pga koronapandemien. Men no har alle som skal ha fått låser, og tilsette i heimetenesta brukar desse istadenfor nøklar.

Prosjektet er i samarbeid med Atea, men låsene kjem frå Bekey i Danmark.

Det er heimetenesta som har ansvar for låsene, men har eit godt samarbeid med teknisk drift for montering, batteriskifte og evt andre tekniske ting.

Låsane blir kobla opp på innsida av ytterdører, så dei er ikkje synlege for andre. Dei som bur i huset, brukar nøklar akkurat som vanlig.

Tilsette låser seg inn ved hjelp av ein app, som dei får personlig tilgang til for å kunne bruke. Appen er kun lasta ned på arbeidstelefonene til heimetenesta, så ingen har tilgang når dei ikkje er på jobb.

Dette vil lette arbeidet for dei tilsette, og det er eit mindre ansvar enn å gå rundt med mange husnøkler. I tillegg er det trygt for dei som treng teneste frå heimetenesta.

Elåsen går på batteri, så det er ingen fare ved straumstans – heimetenesta vil koma seg inn likevel. Og appen heimetenesta bruker krev kun bluetooth-kontakt, så me er heller ikkje avhengig av internett, så dette er og trygt om ein bur i områder med dårlig dekning. Batteri vil skiftast når heimetenesta får beskjed, og varselet kjem i god tid.

 

Nokre av dei tilsette i heimetenesta i Samnanger

Tilsette i heimetenesta gjer uttrykk for at elås er eit godt hjelpemiddel – og dei er veldig fornøyde med å sleppe å gå rundt med nøklar. Brukarane har og vore positive til denne innføringa. Nøkkelboks med elås er eit fint alternativ der elås ikkje kan monterast på døra av ulike grunnar.