Hausten 2019 vart det vedteke i Vestlandsprosjektet si prosjektgruppe at det skulle etablerast «Tenketank velferdsteknologi i tenester til personar med utviklingshemming».

Dette på bakgrunn av at velferdsteknologi er diagnoseuavhengig og eigna for alle aldersgrupper. Velferdsteknologi til personer med utviklingshemming er eit område som har sakka akterut samanlikna med eldreomsorga, ofte med grunngjeving i at lovverket hemmar. Velferdsteknologi kan auke eigenomsorg og meistring for personar med utviklingshemming. I desse tenestene er det nokon utfordringar og spesielle forhold som gjev behov for spesiell satsing.

Tenketanken hadde ramme på 4 møter i perioden 25.11.19-25.05.20, og var samansett av 8 fagpersonar på området utviklingshemming frå kommunane i Vestlandsprosjektet. Det er no laga ein sluttrapport frå arbeidet. Denne kan du lese HER