21. august var det oppstartsamling for E-helse Vestland i Førde. E-helse Vestland fekk 3.25 mill. i fornyingsmidlar frå Fylkesmannen i Vestland for 2020. Prosjektet har planlagt varigheit 2020-25. Sunnfjord kommune er prosjektansvarleg.

 

Sunnfjord kommune v/Lise Mari Haugen, assisterande kommunedirektør, er prosjektansvarleg

E-helse vestlandprosjektet er bygd på arbeid i og erfaring frå dei to velferdsteknologiprosjekta i Vestland fylke: Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane og Vestlandsprosjektet. Begge prosjekta har mangeårig deltaking i Nasjonalt velferdsteknologiprogram. Det vart i 2019 etablert eit samarbeid mellom desse to prosjekta.

Det er eit ynskje at kommunane skal sitje i førarsetet i prosjektet. Prosjektet har knytta til seg sentrale aktørar på velferdsteknologiområdet i fylket vårt: Helse vest IKT, Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforskning og USHT Vestland Hordaland og Sogn og Fjordane.

Prosjektet skal supplere, sikre og vidareutvikle faglege aktivitetar og få med alle kommunane. Det arbeidast no med utarbeiding av ulike styringsdokument m.a. prosjektmandat og handlings-/milepælsplan.

Kari Eidsnes er leiaren.

Kari Eidnes Bjørkheim er tilsett som prosjektleiar. Bjørkheim har lang erfaring og  kompetanse på velferdsteknologiområdet gjennom Lindåsprosjektet (2011-2017) og Nordhordlands- og Vestlandsprosjektet (2017-).
Kontaktinformasjon til prosjektleiaren: kari.eidnes.bjorkheim@masfjorden.kommune.no

USHT Vestland (Sogn og Fjordane) har laga ein artikkel. Les HER
Presentasjon om E-helse Vestland finn du HER

 

Oppstartsamlinga i Førde 21.08.20