I Bjørnafjorden har ein starta opp med å teste ut Medidio, ei løysing for elektroniske medisineringsstøtte for multidose. Løysinga er levert av Dignio.

 

Det er heimesjukepleie gruppa på Baldersheim i Fusa som er først ut til å teste løysinga, dei har no hatt ute eit par Medido sidan i sommar.

Til tross for nokon oppstarts problem, gav ikkje dei tilsette opp. Motivasjonen for å ta i bruk løysinga var stor, og dei hadde tru på at Medido kunne ver nyttig.

Etter å ha hatt løysinga i bruk nokon månadar, gjev dei tilsette uttrykk for at løysinga er trygg og fungerer godt. Den fungera til og med betre enn det ein hadde sett føre seg.

Tilbakemeldinga frå brukarane er gode, og dei føler seg godt i varetatt med denne løysinga, til tross for færre besøk frå heimesjukepleien.

Medidio varslar med lys og lyd om at det er tid for å ta tablettane. Dersom brukar gløymer å ta tablettane blir det sendt ein sms til heimesjukepleien om at medisinen er gløymd. Heimesjukepleien ringer opp brukar for avklare kva som er hendt, og gjev vidare oppfølging.

Medidio kan erstatte besøk der ein set fram medisin til faste tider, dette kan frigjere tid til andre oppgåver.

Tilbakemelding frå både brukar og tilsette er så gode, at ein ynskjer å fortsette å sette ut Medido til brukerar som kan ha nytte av det.