Fusa bu og behandlingssenter har tatt i bruk RoomMate. 

Det vil bli tatt i bruk enda fleire når det nye pasientvarslingsanlegget er ferdig november 2020. Alle rom på Fusa bu- og behandlingssenter vil få moglegheit til bruk av RoomMate med det nye anlegget. RoomMate kan òg nyttast i omsorgsbustad og private heimar, på sikt vil løysinga også bli tatt i bruk i heimetenesta ved behov.

Ein RoomMate er eit hjelpemiddel i form av digitalt anonymisert tilsyn. Det gjer varsel ut i frå kva den enkelte brukar har behov for. Den kan varsle ut av stol/seng, forlatt rom, forlenge på bad og fall. Det vil gå eit varsel via ein applikasjon på mobiltelefon, som blir handtert av personalet. Ein får då opp eit anonymisert varmesøkande bilde av situasjonen i rommet der RoomMate heng, slik at ein fort kan avklare kva som har skjedd og gi den hjelpa som trengst.