Ressursgruppa i Vestlandsprosjektet består av 2 ressurspersonar frå kvar av dei 16 deltakarkommunane. For at ressurspersonane skal vite noko om kva det inneber å vere deltakar i Vestlandsprosjektet vert det gjennomført opplæring etter behov.

 

Av ulike grunnar er det innimellom utskifting av desse ressurspersonane  Denne hausten har det difor blitt gjennomført to opplæringar for ressurspersonar. Vi alle er alle blitt meir vane med å jobbe via videomøter under covid-19. For mange kommunar er det meir effektivt å ha videomøter, sidan dei unngår lang køyretid til og frå møter. Opplæringa 13. oktober vart utført som videomøte med 5 nye ressurspersonar. prosjektmedarbeidarane i Vestlandsprosjektet stod for opplæringa.

Opplæring 13.10.20 via videomøte
Opplæring som fysisk møte 31.08.20