DPIA-gruppa i Vestlansprosjektet kan no publisere eit utval DPIA-er som deltakarkommunane kan bruke som malar i sitt eige arbeid. DPIA-gruppa i Vestlandsprosjektet har jobba saman sidan hausten 2019 med å setje seg inn i DPIA-krava, utreda behov for DPIA på velferdsteknologi i Vestlandsprosjektkommunane og utarbeida malar til DPIA-er på utvalde velferdsteknologiar i løpet av denne perioden. Les meir i artikkelen HER.  No er dokumenta klare til deling, slik at andre kommunar kan bruke dei som malar. Gruppa har òg laga ein rettleiar som er viktig følge til desse malane

 

Rettleiing til kommunane for bruk av DPIA  Vestlandsprosjektet  

Før ein DPIA vert gjennomført, bør ein laga protokoll for behandlingsaktiviteter.
Nokon ting før de sett i gang:  

  1. Sette seg inn i regelverket for DPIA  
  2. Det er kommunen v/rådmann sitt ansvar å sørge for at dei følger GDPR 
  3. Rådmann eller den rådmann har delegert mynde til er ansvarleg for at DPIA vert oppdatert. Anbefaler at det vert ein del av kommunen sitt kvalitetssystem /årshjul  
  4. Dette er eit utgangspunkt, men kvar kommune er sjølv ansvarlege og eige dokumenta. 
  5. Ta kontakt med personvernombod for kommunen din for gjennomgang 
  6. Gjennomfør DPIA for den teknologien de skal ta i bruk, før de godkjenner DPIA 
  7. Godkjent DPIA må arkiverast i interne database eller arkiv
  8. Kvar kommune må fortløpande gå gjennom DPIA ved endringar, helst kvart år 
  9. Dette er ikkje ein fasit, men meint som ein rettleiar som er basert på dei rutinane og retningslinjer i dei kommunane som er representert i gruppa.  Det er våre tolkingar av lovverket og rettleiarar for DPIA

Me har fylgt datatilsynets sin rettleiar for når ein må gjennomføra en DPIA pr. 2020.
Lykke til!  

Rettleiing til kommunane for bruk av DPIA_Vestlandsprosjektet  

DPIA Komp Pro_Vestlandsprosjektet

DPIA RoomMate_Vestlandsprosjektet

DPIA Safemate_Vestlandsprosjektet

 

Nokon av deltakarane samla på møte vinteren 2020. F.v. Lars Erling Årland, Bård Harry B. Eikefet, Gro H. Dyrdal Løvik og Oddrun Storheim Hoel

Gruppa er samansett av personvernombod, brukarrepresentant frå Nasjonalforeningen for folkehelsen (lokal demensforening) og tilsettrepresentantar frå Vestlandsprosjektkommunar. Tilsettrepresentantane er utvalde på bakgrunn av at dei har ei rolle og/eller spesiell kompetanse på velferdsteknologi. Frå hausten er det med tilsettrepresentant frå region sogn og Fjordane.