Denne hausten er det sju kommunar som har hatt eller skal ha statusmøter.

I løpet av året stod statusmøter med kommunane på planen. Møta var planlagt til våren 2020, og måtte pga. covid-19 utsetjast. Vi er difor svært fornøgde med å ha fått gjennomført dette som fysisk tilstedeverande møter denne hausten.

Statusmøta er møter der kommunen samlar tilsette som har roller og ansvar i velferdsteknologiimplementering og -drift i sin kommune, og samlinga er difor på tvers av fag og sektorar. Dette er dermed i tråd med den heilheitlege tenestemodellen til Nasjonalt velferdsteknologiprogram. Den heilheitlege tenestemodell for velferdsteknologi gir veiledning om organisering av tenesta, oversikt over oppgåvene som må utførast, og eksempel på korleis andre kommuner løyser dei.

I desse møta presenterer kommunane status på områder som organisering, roller og ansvar, implementering, brukarmedverknad, kompetanse, gevinstarbeid, endrings- og utviklingsarbeid, forankring m.m. Dette er informasjon viser kva kommunane har ressursar på, som kan delast med andre kommunar. Samt at behova kjem fram, noko som er grunnlag for prosessveiledning, rådgjeving, kompetansehevingstiltak m.m. som vert gjort i regi av Vestlandsprosjektet, for å styrke kommunane til å ha velferdsteknologi som naturleg del av tenestene.

I møta denne hausten ser vi at kommunane har fleire velferdsteknologiar i drift. Kommunane har òg planar om å ta i bruk endå fleire typer velferdsteknologi, samt å auke tal einingar i bruk, utifrå kartlagte behov i kommunane. På tross av pandemien, så har kommunnane etter den første pandemiperioden jobba godt med velferdsteknologiimplementering.  Kommunane jobbar med å bygge organisasjonar og rutiner som kan ivareta ordinær drift, og fleire kommunar samarbeider om arbeidet. Kommunane er naturlegvis opptatt av brukarbehov, gevinstar, bærekraft i tenestene for framtida, samt at personvern gjennom DPIA er ivaretatt.

Heilheitleg tjenestemodell frå ks.no