27.10.20 var det endeleg tid for gjennomføring av avsluttande samling i den fjerde runden av Velferdsteknologiens ABC i regi av Vestlandsprosjektet

 

Oppstart av ABC-opplæringa var i januar og februar i år med to samlingar i region Hordaland; ei for nordkommunar og ei for dei sørlege kommunane. I løpet av våren skulle kommunane gjennomføre tre lokale samlingar knytt til heftene B, C og D. Det var planlagt avsluttande samling våren 2020, men denne vart utsett pga. covid-19. Ny samling med fysisk oppmøte vart planlagt til september i år. Men smittesituasjonen gjorde at samlinga vart omgjort til ei digital samling via Teams, der fasilitatorane og foredragshaldar sat ein stad og deltakarane sat lokalt i sine kommunar. Dei som hadde anledning sat saman i grupper i eigen kommune.

Det var spennande å gjennomføre denne ABC-opplæringa som online-samling for første gang i regi av Vestlandsprosjektet. Det viste seg at online-samling ikkje var noko hinder for aktiv deltaking for kommunane. Det var stor engasjement og deling i etterkant av gruppearbeidet.

No ventar kursbevis for dei som har gjennomført minimum 80 % av samlingane. Dessverre var det mange av dei som starta på ABC-opplæringa i vinter, som ikkje har fått deltatt som planlagt i gruppesamlingar og på avslutningssamlinga pga. covid-19 og andre oppgåver som måtte prioriterast. Her har vi samarbeid med ABC-kontaktane i kommune om korleis tilby opplegg som gjer at dei som ynskjer det kan få ta att manglande samlingar. Vi vil i den anledning takke ABC-kontaktane i deltakarkommunane for godt samarbeid med arrangementet Velferdsteknologiens ABC.

Vi vil til slutt informere om at denne ABC-en er under revidering, og vi ventar i spenning på ny versjon som vi håpar vert klar til bruk i løpet av våren 2021.