Denne hausten har ressursgruppa i vestlandsprosjektet gjennomført alle sine møter digitalt
3. desember vart det siste møtet dette halvåret gjennomført. Det at ressursgruppa har lagt grunnlaget ved å ha blitt kjent med kvarandre i ordinære møter før pandemien, har gjort at digitalt møter har fungert bra. I løpet av året har fleire nye ressurspersonar kome til, og dei har kasta seg uti dialogen og erfaringsdelinga i tillegg til at dei er blitt inkludert av dei som har vore med lenge. Gruppa bygger saman ein kompetansebank på velferdsteknologi, ein god grunnmur, samt dei har eit nettverk å søke råd og hjelp i som òg kan bestå etter prosjektslutt.
Denne hausten har tema på ressursgruppemøta vore desse:
- september: mini-workshop avklaring tema for erfaringsdelingsgrupper via videomøter
- oktober: Kvam delte prosessen med å få lokaliseringsteknologi i ordinær drift
- november: Masfjorden delte organisering, ressurspersonane si rolle i rutineutarbeiding, opplæring og implementering og drift av velferdsteknologi i kommunen
- desember: erfaringsdelinggrupper via videomøter, evaluering av haustens møter, innspel til neste års møterI tillegg inneheld alle møta relevant informasjon og erfaringsdeling i ei eller annan form.
Erfaringsdelinggrupper via videomøter er ein ny metode i ressursgruppemøta. Dette er etter open space-metoden. På denne måten sikrar vi at kvar og ein i ressursgruppa får utbytte av erfaringsdelinga, ved at ein deltek i dei temaene ein enten har noko å bidra med eller ynskjer å få kunnskap om.
Ressursgruppa har hatt fleire fasar, og går inn i ny fase frå 2021:
- 2018-2019: kompetanseheving, nettverksbygging
- 2020: erfaringsdeling, nettverksbygging
- 2021: drivarrolla i kommunane
Takk for godt samarbeid i året som har vore.