Enkel og brukarvennleg tilgang

Kvam, til liks med mange kommunar og herad, utviklar tenestetilbodet sitt for å legge til rette for at fleire kan få bu lengst mogleg i eigen heim. Lokaliseringsteknologi er då eit av fleire tenestetilbod som kan gje naudsynt støtte og tryggleik.  Kvam herad innførde lokaliseringsteknologi som teneste innan helse og omsorg i mars 2020. GPS-einingane vert leverte av Safemate og drifta er i samarbeid med Bergen kommune v/Responssenteret.

Nokre av brukarane av GPS i Kvam er busett i eigen heim, andre bur i omsorgsbustad. Avdelinga som er tettast på brukar handterer i dei fleste tilfelle signala og alarmar. Men me har og døme på at pårørande er fyrsteinstans.

Leverandør tilbyr to plattformer for administrasjon av signal og alarma: nettside og app. Dei fleste nytter appen som er enkel og oversiktleg i bruk.

 

 

Teknologien gjer ei rekkje moglegheiter:
  • Geofence
    Om sendaren (og med det vonleg brukar) kryssar ei virtuell grense, vert alarmsignal sendt.
  • Aktiv sporing
    Sendar sender kontinuerleg posisjonen sin
  • Passiv sporing
    Pårørande eller tilsette i helse og omsorg må logge seg på systemet for å få tilgang til brukar sin posisjon.

Som standardinnstilling nytter Kvam passiv sporing. Dette for betre å ivareta personvernomsyn.

Tildeling av GPS gjerast på lik linje med alle kommunale helse- og omsorgstenester, etter vedtak frå tenestekontoret.

Presentasjon GPS Kvam

Teknologien er i stadig utvikling»