Velferdsteknologi er eit satsingsområde for kommunane. Ved hjelp av denne teknologien kan kommunane på ein heilt annan måte enn tidlegare gi dei som måtte trenge det, eit godt og tilpassa pleie- og omsorgstilbod.

Men bruk av omsorgsteknologi er upløygd mark for alle, og i kommunane har ein kjent på eit sterkt behov for å byggje opp kompetanse i ta slik teknologi i bruk. Difor vart det i 2017 starta opp eit prosjekt, Nordhordlandsprosjektet, som skulle hjelpe dei deltakande kommunane til å få erfaring i tilrettelegging og bruk av omsorgsteknologi.

Masfjorden kommune vart vertskommune, og dei øvrige deltakande kommunane var Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy og Vaksdal. Dette er kommunar med svært ulike utgangspunkt og utfordringar, og dette kjem til uttrykk i det mangfald av delprosjekt som Nordhordlandsprosjektet femner om.

Men andre kommunar har også synt interesse for å delta i prosjektet, og ein har no gleda av å ynskje Austevoll, Fusa, Granvin, Os, Ulvik og Voss kommunar velkomne inn som deltakarar i prosjektet.

Med ei sopass stor geografisk spreiing på deltakarkommunane var det naturleg å skifte namn på prosjektet, frå Nordhordlandsprosjektet til Vestlandsprosjektet.

Men målet er ikkje endra: Prosjektet skal framleis leggje til rette for at kommunane skal ta velferdsteknologi bruk på ein måte som er til det beste for den einskilde brukaren.