«Vestlandsprosjektet- saman om velferdsteknologi»– er eit samarbeid om velferdsteknologi mellom  dei  17  kommunane: Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden , Meland, Modalen, Osterøy, Radøy, Vaksdal,  Gulen, Os, Fusa, Austevoll, Voss, Granvin, Ulvik og Samnanger. 

Hovudmålet i prosjektet er:
I 2020 er velferdsteknologi ein naturleg del av tenestetilbodet i Nordhordlandsregionen. Innbyggjarane skal få etablerte og velfungerande velferdsteknologitenester uavhengig av alder, funksjonsnedsetting og bumiljø. 

Heimesida vil gje informasjon om prosjektet, slik at innbyggjarane og interesserte kan følgja med arbeidet som vert gjort i prosjektet og skapa interesse og kunnskap rundt velferdsteknologi. 

Ved å gå inn på «Om prosjektet» kan ein finne informasjon om: 

  • Bakgrunn for prosjektet
  • Deltakarar og samarbeidspartar 
  • Kontaktinformasjon 
  • Styringsdokument og planar
  • Status i prosjektet 

Det vil bli lagt ut informasjon fortløpande, slik at ein kan halda seg oppdatert på ulike  aktivitetar som skjer  i prosjektperioden. Dette kan ein også få oversyn over i «aktivitetskalenderen» og under «siste nytt». 

Me håpar mange vil nytta heimesida og følgja med på prosjektet framover! 

Bakgrunn og formål.
«Vestlandsprosjektet – saman om velferdsteknologi.»
Kommunane  forventar større press på helse- og omsorgstenestene på grunn av demografiske endringar og auke i oppgåvene som resultat av bl.a  samhandlingsreformaSpreidd busetnad og geografi skaper òg utfordringar for denne sektoren i mange av kommunane proskektet.Auka bruk av teknologisom støtte for omsorgstenestene opnar for nye mogelegheiter i utforming av tenestetilbodet 

Kommunane i Vestlandsprosjektet ynskjer å samarbeide omkring utvikling av gode tenester og kompetansebygging i møte med ny teknologi og morgondagens omsorg. 

Kommunane  søkte  derfor, saman med Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjenester i Hordaland, om tilskot og  opptak i det Nasjonale velferdsteknologiprogrammet, 2019. Søknaden omfatta innføring og implementering av velferdsteknologi, samt responssenter i dei 17 kommunane.  Kommunane fekk  godkjent søknaden og fekk tilskot på 1,8 mill kr i 2019  frå det Nasjonale velferdsteknologiprogrammet ved Fylkesmannen.  

10 av kommunane har vore med i Det Nasjonale Velferdsteknologiprogrammet frå 2017, og hadde då navnet «Nordhordlandsperoskeltet– saman om velferdsteknologi.» I desember 2018 invitere Nordhordlandsprosjektet alle kommunane i Hordaland til å delta i prosjektet. Kommunane Os, Fusa, Austevoll, Samnanger, Voss, Granvin og Ulvik viste interesse og vart derfor ein del av prosjektet- og det vart navneendring til Vestlandsprosjektet 

Det nasjonale Velferdsteknologiprogrammet har som mål at velferdsteknologi skal vere ein integrert del av helse- og omsorgstenestene innan 2020. Programmet er eit spreiingsprogram med fokus på implementering og gevinstrealisering. Hovudmålet for bruk av velferdsteknologi er auka tryggleik, meistring og fridom –  noko som betyr betre, skreddarsydde tenester med auka kvalitet til brukarar og for pårørande. 

Teknologi kan òg bidra til meir effektiv bruk av ressursar i helse- og omsorgstenestene. Dette skjer ved tenesteinnovasjon og stor grad av brukarmedverknad. Velferdsteknologi kan òg vere eit viktig førebyggjande tiltak. 

Erfaringar frå andre prosjekt i Norge viser til at innføring av velferdsteknologi ikkje er eit klassisk teknologiprosjekt, men at faktorar som prosessendring, organisasjonsutvikling, er sektorovergripande og at kommunikasjon, tenestedesign og gevinstrealisering er sentrale område. Prosjektet si målsetjing blir dermed ikkje berre å sikre anskaffing og utrulling av teknologi, men å sikre forankring, lokalt eigarskap, kommunikasjon, brukarmedverknad og kompetanseheving for å oppnå best mogeleg gevinstrealisering. 

For å nå prosjektmåla er det derfor viktig å starte eit målretta samarbeid og setje i verk tiltak allereie no. I «Vestlandsprosjektet- saman for velferdsteknologi» legg ein til grunn at nasjonale føringar skal fyljast, jf. Omsorg 2020. Dette er tidkrevjande arbeid som omfattar brukarar av tenester og samt tilsette som yter tenester. Samtidig vert organiseringa av heile helse- og omsorgssektoren og organisasjonen påverka. 

Vestlandsprosjektet omfattar eit stort geografisk område, med til dels spredd busetnad, store avstandar og vanskelege køyreforhold. Det kan derfor vere store utfordringar med å implementera og drifta nye velferdsteknologiske  løysingar. Men det er òg her vi ser at det kan verte store gevinstar. 

Deltakarkommunane er einige om felles strategi og arbeidsmetodikk for å få til implementering i dei 17 komunane, og å bistå med erfaringsformidling til andre komunar i fylket. Erfaringar frå Vestlandsprosjektet vil kunne ha nasjonal overføringsverdi, og prosjektet vil på denne måten framstå som ein ressurs for andre kommunar. 

Dei 17 kommunane i prosjektet  har utarbeida felles visjon, verdiord, hovudmål og resultatmål  for prosjektet: 

Visjon:
«Vestlandsprosjektet- saman om velferdsteknologi.» 

Verdiord: 

Tryggleik- meistring– fridom. 

Hovudmål:
«Kommunane i Hordaland utviklar effektive og gode omsorgsløysingar ved hjelp av velferdsteknologi.» 

Resultatmål:
«Kontroll og tryggleik i eige liv.» 

Brukarmedverknad:
Brukarmedverknad vert ivaretatt på både individnivå og systemnivå. I denne satsinga vil sentrale organisasjonar som FFO, Pensjonistforbundet, Nasjonalforeininga  m.fl. vere representert i referansegruppa. Lokalt i den enkelte kommune vil ein òg ha eit samarbeid med Eldreråd, Kommunalt råd for funksjonshemma og andre lag og organisasjonar. 

På individnivå har ein fokus på brukar sine behov og i kartleggingar knytt til behov for teneste er spørsmålet “kva er viktig for deg” noko av det sentrale også når det gjeld vlferdsteknologi. 

Typar teknologi:
Det er primært tryggleikskapande teknologi ein vil satsa på i  prosjektperiodenEin vil byggja på erfaringar frå andre kommunar og pilotar som er gjennomført, og som har dokumenterte resultat. 

Tenesteinnovasjon:
Alle kommunane tenker bruk av velferdsteknologi som eit element i tenesteutvikling. I planar for anskaffing, implementering, integrering mot pasientjournalsystem mv. vil det bli teke hensyn til at velferdsteknologi skal vere eit ledd i framtidig tenesteutvikling. Å setja inn tiltak for å kunne bu lengst mogeleg heime med sjukdom/funksjonstap har dels samanheng med implementering av velferdsteknologi, men òg med tiltak  innan bustadtilpassing,  universell utforming, samfunnsplanlegging generelt og øvrige tekniske hjelpemiddel. 

Gevinstar:
Prosjektet vil basere seg på dei effektane som er dokumentert  gjennom nasjonale rapportar om gevinstrealisering. Det vert gjort måling av eigne oppnådde gevinstar, men òg bruk av felles metodar og resultatrapporteringar for gevinstrealisering gjennom det nasjonale velferdsteknologiprogrammet. 

Organisering:
Masfjorden kommune er ansvarleg kommune  for prosjektet. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar vil yte tenester til alle kommunane. Les meir i styringsdokument som Prosjektplan, Opplæringsplan og Kommunikasjons- og informasjonsplan. 

Det er oppretta styringsgruppe, prosjektgruppe, referansegruppe etc.  Les meir i Prosjektmandat.