Vestlandsprosjektet samlar ikkje inn og arkiverer personinformasjon knytt til dei som vitjar heimesida. Men deler du informasjon frå sidene våre på sosiale media, kan desse samle inn og lagre informasjon om dette. Det skal i så fall gjerast i tråd med personvernerklæringa til det einskilde sosiale mediet, og er ikkje noko Vestlandsprosjektet er involvert i, eller har ansvar for.

I samband med påmelding til samlingar og seminar i regi av Vestlandsprosjektet, kan desse personopplysningane verte samla inn :

  • Namn, e-postadresse, kontakttelefon : Desse opplysningane vert nytta som kontaktinformasjon. Kontaktinformasjonen kan verte lagra til seinare bruk i løpet av prosjektperioden.
  • Kven ein er tilsett hos, samt yrkestittel og funksjon : Desse opplysningane kan nyttast i samband med planlegging og tilrettelegging av det faglege innhaldet i samlinga eller seminaret.
  • Spesielle omsyn arrangør må ta : Dette er informasjon som vi som arrangør kan ha nytte av i samband med den praktiske tilrettelegginga for deg som deltakar. Merk at det er frivillig om du vil gi frå deg denne typen opplysningar.

Vestlandsprosjektet nyttar denne informasjonen i samband med tilrettelegging av sine samlingar og seminar. Dette er informasjon som ikkje vert delt med andre.

Når Vestlandsprosjektet ikkje har bruk for informasjonen lenger, vil han verte sletta. Dette vil skje til dømes etter at dokument frå samlinga eller seminaret er blitt sendt ut til deltakarar som har etterspurt dette. Informasjonen kan soleis verte lagra ei stund etter datoen for samlinga. Papirversjon av deltakarlistene vil bli oppbevart så lenge det er nødvendig for rapportering i prosjektet.

Personopplysningane det her er snakk om, er gitt frivillig. I tråd med artikkel 17.1.b i Personopplysningslova kan ein difor krevje at desse opplysningane vert sletta. Dette gjer ein ved å ta direkte kontakt med ansvarleg handsamar av informasjonen.

Ansvarleg for Vestlandsprosjektet si handsaming av personinformasjon er prosjektleiar Kari Eidnes Bjørkheim.