Lindås kommune starta med Omsorgsteknologi i 2012 som ein part i eit forskingsprosjekt ved Høgskule i Bergen (no høgskulen på Vestlandet). Frå 2013 vart omsorgsteknologi ei ordiner teneste på lik linje med andre tenester i kommune. Her såg ein god effekt av både aktive og passive sensorar som var knytt opp mot ein tryggleiksalarm i heimen. Sluttrapport Lindåsprosjektet 2012-2016
I 2016 inviterte Lindås til ei innovativ anskaffing og her vart kommunane Askøy, Fjell og Øygarden med. Kontrakt vart inngått februar 2017, og ein har no implementert velferdsteknologi i kommunen.
Rapport Innovativ offentleg anskaffing Lindås, Askøy, Fjell og Øygarden
Felles innovativ anskaffelse (film)
I 2016 vart ein med på eit nytt forskingsprosjekt ved Høgskulen på Vestlandet campus Bergen. Målet er å sjå om der er noko effekten av eit lokalt responssenter i kommunen. Dette prosjektet skal vere ferdig i løpet av 2020. Halvvegsrapport Alarmmottak som sentral utfordring og moglegheit i eit kommunalt omsorgsteknologitilbod
Lindås har vore med i dei Nasjonale velferdsteknologi programma frå starten av.
Lindås kommune Velferdsteknologi