10. september arrangerte Vestlandsprosjektet fagdag for styringsgruppa i Vestlandsprosjektet.

Styringsgruppa består av kommunalsjefane i helse- og omsorg i dei 16 deltakarkommunane. Gruppa har møte 4 gangar i året. Den siste tida har alle møta vore digitale, men no var endeleg mogeleg å ha ei samling der vi alle var samla i same lokale.

Dagen vart arrangert av prosessvegleiarar i Nasjonalt velferdsteknologiprogram. Tema var vegen vidare etter at spreiingsprosjektet for tryggleik og meistring vert avslutta av Nasjonalt velferdsteknologiprogram frå 2022.

Det nasjonale velferdsteknologiprogrammet vert vidareført med satsingsområda:

  • Digital heimeoppfølging med fokus på kronisk sjuke
  • Velferdsteknologi til barn, unge og voksne med medfødd og tidleg erverva nedsett funksjonsevne
  • Varige strukturar for nettverk- og prosessveiledningar i kommunale helse- og omsorgstenester

Tema på fagdagen var:

  • Velferdsteknologi – barrierer og suksessfaktorer ved implementering
  • Helhetlig tjenestemodell i drift
  • Gevinstrealisering med erfaringsdeling fra kommunalsjef Velferd Trude S. Wikdahl (Stjørdal kommune)

Målet med dagen var å informere om og gje mulighet for drøfting i kommunalsjefgruppa, korleis ein kan sikre vidare drift av velferdsteknologi etter at Vestlandsprosjektet vert avslutta i 2021. I anledning avslutninga av Vestlandsprosjektet vert det arrangert ein sluttkonferanse 16. november. Les meir HER